Ny lensmann

Ny lensmann

Nye lensmenn og seksjonsleiarar tilsett i Vest politidistrikt.

Av Av Johnny Helgesen
(Tysnesingen 09.02.18)

13 personer fekk denne veka tilbod om stillingar som lensmenn og seksjonsleiarar i Vest politidistrikt. I samband med politireforma vert alle leiarstillingar tilsett på ny.

Tysdag denne veka vedtok eit samrøystes tilsetjingsråd i Vest politidistrikt kven som skulle få tilbod om 13 leiarstillingar.

– Det var eit spennande møte. Det er ikkje kvar dag vi tilsett så mange leiarar på så høgt nivå, seier politimeister Kaare Songstad.

Ny organisasjon klar

Tilsetjingane kjem som følgje av omorganiseringa i samband med politireforma. I tillegg til kvalitetsheving og nye måtar å jobbe på, er omorganisering og ny organisasjonsstruktur ein del av reforma. Ny organisasjon for Vest politidistrikt går i endeleg drift 1. mars.

– Alle tilsette i politidistriktet har fått vite kor dei skal jobbe i ny organisasjon. No byrjar den nye strukturen å fyllast med leiarar. Eg ser fram til å fortsetje arbeidet med å vidareutvikle politidistriktet for å møte framtidas utfordringar, seier politimeister Songstad.

Driftseining Hordaland:

Lensmann med funksjon som tenesteeiningsleiar ved Kvam, Fusa og Tysnes:

Terje Sperrevik (55 år), Os. Har vore lensmann i Kvam og Samnanger sidan 2013.

Utdanning: Politi og jurist

 

Saksa frċ http://www.tysnesingen.no