Bli med på ung husflid

Bli med på ung husflid

Me har plass til fleire.

Av Av Johnny Helgesen
(Tysnesingen 06.02.18)

Du kan enno melda deg på og bli med på kjekke aktiviteter i husflidstova framover vinteren/våren.  Her er noko av det me skal laga:

Strikka pulsvantar – du lærer grunnleggjande strikketeknikkar  som du seinare kan bruka til eigne prosjekt

[bilde=26249]

Forkle – du lærer om symaskinen og får øving i å bruka denne.  Me syr det meste på symaskin, og litt med nål og tråd 

Tova sitjeunderlag – du lærer om ull og korleis du kan tova og dekorera eit sitjeunderlag

[bilde=26251]

Oppstart torsdag 8. februar kl. 18.00 – 20.00 og deretter annakvar veke, i alt 6 gonger.  Dersom dag og tid kolliderer med andre aktiviteter, prøver me å tilpassa oss det. 

Er du interessert?  Ta kontakt snarast med helga.irene.aslasken@haugnett.no eller tlf. 93024676.

Kurset inkl. materialkostnader kostar kr. 150.- for medlemer i ung husflid (Tysnes husflidslag) og kr. 300.- for ikkje medlemer. Vil du melda deg inn? Det gjer du her http://www.unghusflid.no/blimedlem . Medlemskapet kostar kr 160.- pr år. Det gjev deg fordeler på alle husflidslaget sine aktiviteter for barn.


Saksa frå http://www.tysnesingen.no