Søknad om plass i barnehage for barnehageåret 2018/2019
Bilde: Tysnes kommune

Søknad om plass i barnehage for barnehageåret 2018/2019

Av Av Johnny Helgesen
(Tysnesingen 09.01.18)

For barnehageåret 2018/2019 har Tysnes kommune ledige plassar i følgjande barnehagar:

 

ONARHEIM BARNEHAGE

STJERNEREISO BARNEHAGE

VÅGSMARKA BARNEHAGE

LUNDE BARNEHAGE

Det kan søkjast plass 3, 4 eller 5 dagar pr. veke.

Søknader som er registrert pr. 1. februar 2018, vil vera avgjerande for kva driftsmessige endringar som evt. vert føreteke frå hausten av.

For barn som har plass inneverande barnehageår treng ein ikkje søkja på nytt, men det må gjevast melding til barnehagen om ein ønskjer å behalda plassen , evt. endra dagar/redusera/auka tal dagar osb.

Søknaden vert handsama ut i frå dei opplysningane som kjem fram på søknadsskjemaet, og etter gjeldande Vedtekter for barnehagane i Tysnes kommune pkt. 7 OPPTAK – OPPTAKSKRITERIER. Ein tek atterhald om at søknad om differensierte plassar ( 3, 4 d/v) må kunne samordnast slik at barnehagen sine ressursar vert nytta på beste måte.

Søknadsskjema finn ein på Tysnes kommune si heimeside. http://www.tysnes.kommune.no/barnehagar.321816.nn.html

 

Barnehage – ny plass

 

Søknaden må sendast innan 1. februar  2018.

Saksa frå http://www.tysnesingen.no