Tysnes Brannvern med ny teneste

Tysnes Brannvern med ny teneste

Gjennom det store brannløftet får Tysnes Brannvern utstyr og kompetanse for å driva med redning i vatn.

Av Av Vegard Aslaksen
(Tysnesingen 04.01.18)

Denne veka har deltidsbrannfolk frå Tysnes Brannvern fått introduksjon til den nye tenesta "Overflateredning". Overflateredning går ut på å aksjonera på redningsoppdrag i det våte element anten på sjø, vatn, elv eller isredning.

I 2016 feira Gjensidige sitt 200-årsjubileum, og som største eigar i forsikringsselskapet ynskte Gjensidigestiftelsen å markera dette med ei gåve til det norske samfunn. Gåva er «Det store brannløftet», som er eit prosjekt med ulike tiltak som på kort og lang sikt vil trygga kvardagen til befolkningen ytterligare. Om lag 350 millionar er gitt av Gjensidigestiftelsen for å styrka brannberedskapen på landsbasis med både utstyr og kompetanse. Eit viktig satsningsområde i brannløftet var å auka overflateredning - beredskapen i Noreg.

[bilde=26123]

Etter søknad vart Tysnes ein av mange kommunar som i fjor fekk tildelt utstyrspakke og utdanning av lokale instruktørar. På onsdag hadde deltidmannskapa ei introduksjon til den nye tenesta der ein mellom anna gjekk gjennom det nye utstyret. Framover dei neste månadane vil mannskapa bli trent i ulike redningsteknikkar i ulike redningsmiljø på Tysnes.

Brannsjef Torfinn Kongsvik er svært positiv til at Tysnes no får styrka beredskapen opp mot hendelsar i tilknytning til vatn. "Tysnes Kommune er ein øykommune med mykje kystlinje og vatn. Det er også nokså varierane iskvalitet på vatn som frys til no om vinteren. Overflateredningsberedskapen er difor ei kjærkomen utviding av tenesta i Tysnes Brannvern" seier han.

[bilde=26121]

Instruktør Anders Amland demonstrerer korleis ein skal blåsa opp redningsflåta som Tysnes Brannvern har fått i saman med utstyrspakken frå "Det store brannløftet"

[bilde=26122]

Redningsflåta blir raskt blåst opp ved hjelp av ei trykkluftflaske og det medfølgande slangesettet. Flåta kan nyttast i stille vatn, elv og på is. Flåta er utforma slik at ein lett kan få opp ein pasient i akterenden.

[bilde=26118]

Riktig påkledning er viktig. Her demonstreren instruktøren korleis ein skal tre spenna i vesten som overflatereddaren skal ha på seg.

[bilde=26119]

Trond Bakkane har kledd seg opp i med komplett overflateredningsutstyr. I alt har Tysnes fått tre komplette sett med verneutstyr for overflateredning. I tillegg til redningsflåta var det også tauverk, to ekstra vestar og anna redningsteknisk utstyr med i pakken.

 

 

Saksa frċ http://www.tysnesingen.no