Vellukka emisjon i Tysnes Sparebank

Vellukka emisjon i Tysnes Sparebank

Solid overteikning i Tysnes Sparebank sin emisjon

Av Av PRESSEMELDING
(Tysnesingen 28.11.17)

Forstanderskapet i Tysnes Sparebank vedtok i møte 17. oktober 2017 å auka eigarandelskapitalen i banken med 35 millionar kroner. Teikningsperioden vart avslutta måndag 27. november 2017 med solid overteikning. Heile 43 millionar kroner vart teikna av eksisterande og nye lokale investorar.

67 nye eigarar i banken

Det vart denne gongen åpna for å få med nye eigarar i banken. Ein samla pott på 5 mill. kr. var avsett til desse. Totalt teikna dei nye eigarane seg for om lag 12,4 mill. kr. Nye teikningar vart tildelt om lag 38 % av teikna beløp.

«Det er viktig for banken å få med mange nye lokale eigarar. Det er med å skapa eit solid lokalt fundament for den einaste frittståande sparebanken i Sunnhordland og Hardanger» uttaler banksjef Dag Sandstå.
 
Også overteikning frå eksisterande eigarar
Dei som allerede var eigarar i banken teikna også meir enn dei 30 mill. kr. som var mogeleg.

«Vi er audmjuke over den tillit lokale investorar har til banken» seier banksjefen.

Notering på Merkur Market under Oslo Børs
Banken har søkt om å verta notert på Merkur Market under Oslo Børs.
Det vert arbeidd mot åpningsnotering i midten av desember. Det vil verta eit gode for alle eigarar som no får ein profesjonell marknadsplass for sal og
kjøp av eigenkapitalbevis.

Gjennom emisjonen er vekstkrafta til banken sikra
Den nye eigenkapitalen i banken sikrar vekstkrafta i åra som kjem. Banken har som mål å ta marknadsandeler og må då veksa meir enn konkurrentane. Så langt har banken lukkast godt med dette.

Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan det rettast til banksjef Dag Sandstå på telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no

Tysnes, 28. november 2017

Dag Sandstå
Banksjef

Saksa frċ http://www.tysnesingen.no