Deepsea Atlantic gjennom Langenuen

Deepsea Atlantic gjennom Langenuen

Sjå video av gigantplattforma som gjekk for eigen maskin gjennom Langenuen i formiddag.

Av Av Ole Johannes Støle
(Tysnesingen 28.11.17)

Det er Odfjell Drilling som eig plattforma. Deepsea Atlantic er ein av dei største og mest effektive plattformene i verda. Heile 66000 hestekrefter levert av Wärtsilä syter for framdrifta. På Marinetraffic.com kan ein følge ferda til plattforma vidare. Her kunne ein og sjå at snittfarta gjennom nuen var litt i overkant av 6 knop.   

– No kjem vi tilbake der det starta sommaren 2009, seglande frå Johan Sverdrup-feltet og inn Sletta ved Røver og går leia nordover Langenuen, fortel skipper Kåre Kvalvaag frå Søre Øyane i Os til Midtsiden.no.

Riggen er på veg mot Bjørnefjorden, her vert me liggande nokre dagar før ferda går vidare til meir boring på Vikingbanken fortel Kvalvaag.

[youtube]4aDmbOB6f9k[/youtube]

[bilde=25991]

[bilde=25992]

Saksa frå http://www.tysnesingen.no