Politiet har avslutta søket

Politiet har avslutta søket

På bakgrunn av tips og observasjonar, har politiet avslutta søket etter Alexander Holsen (29)

Av Av Johnny Helgesen
(Tysnesingen 11.10.17)

Politiet har fått inn nye tips og observasjonar som gjev grunn til å tru at han framleis er i live.

Det jobbast vidare med etterretningsopplysningar og etterforsking.

 

Alexander Holsen er 168 cm høg, har normal kroppsbygning, kort mørkeblondt hår og lys hud.

Det er ikkje kjent kva han var kledd i då han forsvann, men Holsen går til vanlig med hue, blå ytterjakke, tynn strikkegenser, grå eller svart joggebukse, samt svarte eller kvite joggesko. Mulig han hadde på seg solbriller.

Politiet ber folk som har tips eller observasjonar knytt til Alexander Holsen om å ringe tipstelefon 480 02 480 eller 02800.

Saksa frå http://www.tysnesingen.no