Vaksinasjon

Vaksinasjon

Mot sesonginfluensa og lungebetennelse Haust - 17

Av Av Johnny Helgesen
(Tysnesingen 05.10.17)

Det blir sett av fylgjande dagar til vaksinering av personar i risikogruppene: 

Tysdag 24. oktober 09:00 - 15:00
Torsdag 26. oktober 09:00 - 15:00

Inga timebestilling, berre møt på helsestasjonen.
Me oppmodar om at alle som har høve til det, nyttar seg av desse dagane.

Pris: Influensavaksine: 150.-.   Pneumokokkvaksine (lungebet.): 400.-
Betaling: betalingsautomat på venterom ved legekontoret.
Det vil ikkje bli gjeve rekvisisjon til drosje. 

Vel møtt til TYSNES HELSESTASJON/LEGEKONTOR

 

Kven bør vaksinera seg?

Vaksinetilråding frå Folkehelseinstituttet byggjer hovudsakleg på tilrådingar frå SAGE Working Group on influenza and immunization, Verdens helseorgansiasjon (World Health Organization, WHO) og Det europeiske smittevernbyrået (European Center for Disease Prevention and Control, ECDC). I tillegg er tilrådingar frå andre land og sentrale publikasjonar når det gjeld målgrupper og influensavaksine vurdert.

Influensavaksine blir tilrådd spesielt for: 

Gravide etter 12. svangerskapsuke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal og få tilbod om vaksinasjon.
Personar som bur i omsorgsbustader og sjukeheim
Alle fra fylte 65 år
Barn og vaksne med diabetes type 1 og 2

Kronisk luftvegsjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
Nedsatt immunforsvar
Særs alvorleg fedme (KMI over 40)
Anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg blir det tilrådd influensavaksine til:

Helsepersonell som har pasientkontakt.
Husstandskontaktar til immunsupprimerte pasientar
Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar.

Les mer om: Influensavaksinasjonsprogrammet


Saksa frċ http://www.tysnesingen.no