Veteran med imponerande prestasjon

Veteran med imponerande prestasjon

Asle Bernt Rekve (70) har i sitt vaksne liv vore ein ivrig idrettsmerketakar. Heile 50 gonger har han greidd krava til idrettsmerket.

Av Av Johnny Helgesen
(Tysnesingen 05.10.17)

Dette runde talet nådde han då Tysnes idrettslag nyleg hadde merkeprøvar. Då synte han på ein solid måte at spenst, styrke, hurtigheit og uthald framleis held mål. 

Dermed får Rekve no Norges idrettsforbund sitt 50-årsmerke med diplom. Tidlegare har han i samlinga si idrettsmerka i bronse, sølv og  gull, idrettsmerkestatuetten, idrettsmerkekruset, miniatyrstatuett i bronse, Heidersprisen og 40-årsmerket med diplom. Etter det underteikna kjenner til er det ingen andre på Tysnes som har greidd krava til idrettsmerket 50 gonger.

Starta på Voss

-Eg har alltid hatt interesse for idrett. Eg voks opp i eit aktivt, godt og inspirerande idrettsmiljø på Voss. I Bulken idrettslag hadde eg gode barne- og ungdomsår. Særleg var skitilbodet rikt. Det var i dette idrettslaget eg tok idrettsmerket for fyrste gong i 17-årsalderen. 

-Utdanninga mi tok eg i Forsvaret. Der var eg seks år, og i alle desse åra var eg ein ivrig idrettsmerketakar. Det var eg også då eg budde og arbeidde eit par år i Stavanger. Mellom dei eg var saman med der var Leif Inge Tjelta, ein kjend og god mellomdistanseløpar i nasjonal samanheng. Han har seinare vore ein leiande trenar og forskar innafor friidrettsmiljøet.

-Etter at me flytta til Tysnes, og eg vart tilsett som kommuneingeniør i 1972, har eg hatt glede av å ta idrettsmerket. Fram til 1985 gjorde eg dette i Uggdal idrettslag, deretter har eg vore med gjengen i Tysnes idrettslag, fortel Rekve, som m. a. har B-kurs i friidrett som instruktør.

Tekst: Hans Ole Dalland


Saksa frċ http://www.tysnesingen.no