Ny stor kontrakt

Ny stor kontrakt

Vågen AS har nyleg signert kontrakt som tilsvarer eit halvt års omsetning.

Av Av Ole Johannes Støle
(Tysnesingen 10.08.17)

På Heimesida til Vågen AS kjem det fram at dei skal levere alle transportskruene til Aker Biomarine sin nye krill trålar. Totalt er det snakk om nærmare 40 transportskruer der dei største er 1 meter i diameter og 16 meter lange! Leveransen pågår fram til mai 2018. Denne samt andre store kontraktar for Vågen AS betyr at dei no kan tilsette ein ny konstruktør og prosjektleiar. 

Total omstilling
I 2014 var 70% av omsetninga til Vågen oljerelatert. I 2017 er det berre 20% av omsetninga som er oljerelatert.


Saksa frå http://www.tysnesingen.no