Stort parti av vegmur rast ut på Kløv
Foto: OJS

Stort parti av vegmur rast ut på Kløv

Vegen var stengt ein liten periode rundt kl. 13 men er no opna att.

Av Av Ole Johannes Støle
(Tysnesingen 08.08.17)

I dei smale svingane like før avkøyrsla til Singelstad har eit stort parti av vegmuren rast ut på Kløv i dag.

Før politiet og vegvesenet hadde fått vurdert skadeomfanget var vegen stengt ein periode. Heile 20 meter av muren er rast ut. Første vurderinga til politi og vegvesenet er at vegen ikkje er skada. Det er satt opp markering langs heile partiet som no manglar mur. Det er smal veg og bratt utfor, så ein lyt køyre forsiktig.

I morgon skal vegvesenet gjere grundigare undersøkingar på vegen, i følge politiet som var på staden.

[bilde=25516]

[bilde=25517]

[bilde=25518]

Saksa frå http://www.tysnesingen.no