Ein liten statusoppdatering
Big men bluesband

Ein liten statusoppdatering

Frå Tysnesfest.

Av Av Johnny Helgesen
(Tysnesingen 16.05.17)

Programfalderen vart sendt i trykken like før helga, og kjem nok på plass på kontoret i løpet av denne veka. Dei som ikkje klarar å vente kan sjølvsagt stikke hovudet innom og hente seg eit eksemplar, men me opnar for lokalt billettsalg 25. Mai, og då vil både falder, plakat og årets kleskolleksjon vera på plass i hyllene. Billettsalget går for øvrig som det susar, og i omsetning på dagens dato er me nærare slutten av juni enn slutten av mai sett i forhold til 2016. Det er svært gledelig å sjå at så mange vel å kjøpa festivalpass, og me har allereie selt ut nærare ein tredjedel av desse. Me sel godt med billettar over heile linja, men det er framleis god kapasitet på dei fleste arrangement. Vamp på Solstråleøya skil seg ut, der er det berre nokre ytterst få billettar igjen. 

For bergensarane som ikkje har moglegheit til å overnatte på Tysnes, har me i år fått til eit veldig flott alternativ fredag og laurdag. Då kjem MS Fjordkatt til å gå i rute frå Strandkaiterminalen til Tysnesfest, og i retur på natta.  Torsdag går MS Midthordland i rute, men då frå Os.

 

Så over til sjølve artistsleppet! 

Tysnesfest har etterkvart blitt ein smeltedigel av verdsstjerner og lokale heltar, og her kjem ein fin gjeng i sistnemnde kategori:

[bilde=24937]

OHIO

Ohio er eit poporkester frå undergrunnsmiljøet i Bergen. Deira svært originale "sound" er skapt av ein kombinasjon av jazz, funk og pop. Heilt sentralt i bandet står Sebastian Torjusens beatboxande og groovy tubaspel. Det i seg sjølv er ein attraksjon du berre må få med deg! Ohio skil seg sterkt frå resten av popbransjen fordi fire av seks bandmedlem speler på blåseinstrument. Alle er i tillegg dyktige solistar. Dei har knallsterke låtar og ei heilt særeigen evne til å jamma. Ohio spelte i fjor på mellom anna Øyafestivalen, Kongsberg jazzfestival og Sildajazz.

På Tysnesfest kan du oppleva dei på på Mandelhuset torsdag 13. Juli.

 

[bilde=24936]

MYRNA BRAZA

Myrna Braza foreinar soul, blues, r&b og funk med fengjande popmusikk. Myrna frå Bergen blir gong på gong omtalt som eit av Noregs største soultalent. Ho er kjent for sine utruleg energiske liveopptredener. Ho skriv sine eigne låtar, og har vore med i fleire norske TV-program, mellom anna Beat for Beat og Korslaget. Ho har i tillegg vore oppvarmingsartist for flere amerikanske soulartistar. 14. februar slapp Myrna Braza det sjelfulle albumet «Story of I», og denne sommaren er ho på ei omfattande turne.

Myrna Braza skal spela på cruise på Bjørnafjorden både fredag og laurdag.

 

BIG MEN BLUESBAND

Tysnes bluesband vart etablert hausten 2003, men av fysiske grunnar vart namnet endra etter kort tid. Dei har sjølv uttalt at dei er bandet med klart mest "tyngde" i norsk blues. Medlemmane er alle ihuga bluesentusiastar og spelar med stor iver og innleving.

Fleire bluesklubbar har teke vel imot Big Man Blues Band og ynskt dei velkomen att! Big Men Bluesband har spela konsert på Tysnesfest i så mange år no, at me synest det er svært naturleg å invitera dei til vår ellevte festival. Bandet er tydeleg inspirert av artistar som Steve Ray Vaughan, John Mayall, Eric Clapton og Peter Green, og dei har også ein del eigenproduserte låtar.

Big Men Bluesband skal spela på to bluescruise laurdag 15. Juli.

 

[bilde=24935]

EGIL OLSEN

Singer/songwriter Egil Olsen slapp nettopp den frekke, friske og fengjande singelen «You and i forever», ein lidenskapeleg og romantisk rockelåt. Låta er ein oppløftande kontrast til fjorårets melankolske og mørke album «Ooo what happened». No turnerar Egil Olsen med band og tar sitt allereie populære og underhaldande liveshow til nye høgder, saman med gitarist og bassist Jørn Erik Ahlsen og trommeslager Gunnar Sæter. Dagens Næringsliv har omtala Egil Olsen som ein av landets aller beste låtskrivarar. VG kallar han «noe av det fineste og mest underfundige vi har».

Egil Olsen skal opna konsertkvelden på Gjerstad laurdag 15. Juli.

 

Til no er fylgjande artistar lansert til årets festival: Alan Walker, Highasakite, The Waterboys (UK), Amy Macdonald (UK), Turbonegro, Sivert Høyem, Astrid S, Staysman&Lazz + Katastrofe, deLillos, Kim Larsen (DK), Daniel Kvammen, Kløver og Skarre R, Storm Weather Shanty Choir, Janove, Cezinando, Vamp, Lothepus, Morgan Sulele, Vazelina Bilopphøggers, Sigvart Dagsland og Karoline Krüger, Egil Olsen, Elsa & Emilie, Sophie Elise-Vegard Harm og Joakim Kleven, Gunslingers, Ausekarane, Big Men Bluesband, Familieforetaket, ORBO og Gina, Myrna Braza, Nicolai Leganger, Sassy Kraimspri, Ohio, Microbandet og De Musikalske Dvergene

Saksa frċ http://www.tysnesingen.no