Opnar att

Opnar att

Snart kan ein handla trelast på Heggland igjen.

Av Av May Britt Meland
(Tysnesingen 29.10.15)

Etter konkursen til byggefirmaet Haavik og Lien Bygg AS i august, har det vore stilt på Heggland. Dei siste vekene har ein sett at det har vore aktivitet, og mange har nok vore spente på kva som ville skje vidare.

I byrjinga av oktober vart aksjeselskapet Bygg Tysnes AS stifta, og storparten av varelageret til Haavik og Lien Bygg AS kjøpt opp.

Svein Skorpen og Richard Hageberg vil saman leia det nyetablerte firmaet.

Det har vore ein del jobb med å få alt det formelle papirarbeidet på plass, men no er alt klart seier Skorpen og Hageberg til Tysnesingen.no.

Fyrstkommande måndag, 2. november, opnar vi dørane og ynskjer gamle og nye kundar velkomne.

Skorpen og Hageberg fortel at dei vil ha utsal av trelast, byggevarer og utstyr. Ein vil ha mål som å driva som tidlegare, med same tilbod som før. Kva kjede firmaet vil være knytta til, er enno ikkje klårt, men ein reknar med dette er på plass innan kort tid.

[bilde=21452]

Saksa fr http://www.tysnesingen.no