Slik såg det ut ved Kyparestova på Hauaneset omlag 1900. Huset hadde namnet sitt etter Elias Kypar som slo seg ned her i 1863. Elias var bøkkar (kippar), det rette namnet hans var Elias Eriksen. Kona hans, Johanne Elisabeth - til vanleg kalla Kypro - baka surstomp for sal. Dei var båe frå Bergen. I 1869 ekspederte Elias DS "Bjørn", det første dampskipet som hadde rutestopp i Onarheim-soknet. Frå 1873 dreiv han handel "me' Sjødn" i tillegg til bøkkarhandverket. Johanne Elisabeth døydde i 1875, Elias tre år etter. Johanne var 25 år eldre enn Elias og 47 år då dei gifta seg i 1832. Dei fekk ikkje born, og velstandsbuet etter dei vart arva av søsken. Plasset vart i 1876 overteke av Ola Olsen Nedrevåge (1839-1923) og kona, Hansina Hansdtr. Berge (1846-1912). Truleg er det Hansino og dottera Brita (f. 1875) som har stilt seg opp framfor stova på biletet. Då faren døydde, flytta Brita til Bergen der ho vart gift. Dei tre yngre brørne var sjømenn, men døydde alle i ung alder. Til høgre står handelsbua som Tørres Jensen Lie sette opp omlag 1884. Heimehuset hans ser me litt av midt i biletet. Rett over Berselvbruo skimtar me litt av eit hus nede ved sjøen. Det er truleg naustet til Torbjørn Hauaneset, son til "Knut i Lukto" på Storaheio. Biletet er lånt av Magne Ove Kleppe. Olav Skjellevik
Er du redd for brennmanet når du badar i sjøen?
Gunnar Hansen
Tlf 97 15 30 89
gu-ha@c2i.net
Kontaktskjema