Midt i 1950-åra var det bilproduksjon i Flakkavågen. Nabogutane Gerhard M. Skaten, Nils Møllerup Skaten og Andreas Hetlelid fabrikkerte kvar sine bilar heime i kjellarane, og det minka på brukbare barnevogner på Skato. Design og produksjon av denne modellen stod Andreas for. Med ein skjeppekasse som chassis vart det eit ganske avansert køyrety med styresnekke, gearstong, bakhjulsbremse, lydhorn og støytfangar. Bilen var til bruk for Andreas sjølv, men her har veslesøstera, Kirsten, fått køyretime. Ho byrja såleis tidleg ved rattet, men måtte likevel venta lenge på ”lappen”. Den fekk ho ikkje før i 1975. I dag bur Kirsten i Nordbygdo på Stord’n og fartar kring på vegane i ein raud Peugeot. (Innsendt av Olav Skjellevik)
Er du redd for brennmanet når du badar i sjøen?
Gunnar Hansen
Tlf 97 15 30 89
gu-ha@c2i.net
Kontaktskjema