
Mange på skitur til fjells og lokalt skirenn i Solheimsdalen.
Sol og blå himmel over Tysnes i dag gjorde at utfarten var stor frå Solheimsdalen.
Det var fint skiføre frå parkeringsplassen. Mange gjekk til Grostølen der det var fint å gå på ski. Andre tok turen heilt til Såto, der var det litt meir skare så folk fekk testa skikunnskapane litt meir enn i løypene.
Ved oppsida av bruo nesten inne ved Løkjen samlast ein del familiar med born. Her vart det laga til eit lokalt skirenn for dei minste, og sjølv om det var ein uoffisiell spontan skikonkurranse var det ingenting å sei på innsatsen for å få bestetida.

Tobias gav alt på oppløpet

Jonas gjekk så fort at han nesten letta

Lavran i full konsentrasjon

Karoline i godt driv mot mål

Rikke nærmar seg mål

Bestefar Norolf hjalp Elida opp på oppløpet

Godt å ha Norolf til å ta seg av skismøringa

Gunnar og Hans Martin tok seg heller ein aketur (foto: Arild Pettersen)

Det var laga mange variantar av snøholer

Nydelege forhold

Oda hadde det lunt og varmt medan pappa Thomas måtte dra
| Di epostadresse: | |
| Meld | På | Av |
Kven gler du deg mest til på Tysnesfest
Gunnar Hansen
Tlf 97 15 30 89
gu-ha@c2i.net
Kontaktskjema