
Helge Hauge seier nei til attval som ordførar til kommunevalet 2011.
Helge Hauge har alt bestemt seg for ikkje å ta attval når me skal stemma ved kommunevalet neste haust.
Hauge har vore ordførar i Tysnes i til saman 20 år (periodane 1983-95 og 2003-2011).
- No vil eg bruka tida på andre ting i åra som kjem seier 66 år gamle Hauge til avisa Sunnhordland.
Sunnhordland har hatt ein spørjerunde blant ordførarane i Sunnhordland om dei tek attval. Det er berre Helge Hauge som har bestemt seg, dei andre ordførarane i Stord, Bømlo, Fitjar og Kvinnherad har enno ikkje teke standpunkt til kva dei skal gjera.
| Di epostadresse: | |
| Meld | På | Av |
Skuletida
Gunnar Hansen
Tlf 97 15 30 89
gu-ha@c2i.net
Kontaktskjema