AnderslandBygg.topp.venstre
Tysnes Kommune
Tysnes Sparebank 140x30
Tiko
Windsor
Tysnes Maskin AS
Tysnes Bilsenter
Tysnes Kjøle
Losfjord
Heis-Tek
Dokkegalleriet
Myrdal gard
Ekeland
Per Henrik Opdal
Johs Tveit
Njardar
Treco
Tysneslyd
Arild Gjerstad
Bygg Tysnes
Joker Årbakka
Tysnes sogelag
Joker Uggdal
Tysnes Båtutleie
Ronny Bakkane
Dalen Golf
Tysnes seniordans
Grendatun
Tysnesfest
Tysnes Båthamn
Frisøren på Tysnes
Laukhamar Fritid
Tysnes Frivilligsentral
Bjørnefjorden tannlegepraksis

Sjøtroll

BKK i forhandlingar med Tysnes Kraftlag

Fordelane vert større enn ulempane

PUBLISERT AV Dagfinn Sandvik Publisert: 28.01.18 12:20

Intervju med Elverksjef/dagleg leiar i Tysnes Kraftlag Lars Enes.

BKK er som kjent i forhandlingar om å overta Tysnes Kraftlag. I den forbindelse tok Tysnesingen ein liten prat med daglig leiar Lars Enes. 

Korleis vert det med beredskapen lokalt på Tysnes med  BKK som eigar?

Beredskapsvakta på Tysnes vil vere som før, berre at henvendelsane må gå via BKK sin driftssentral. Beredskapen vil vonleg verta like god som før. BKK kan og tilføre Tysnes ressursar i ein eventuell storm, som for eksempel i 2015 då stormen «Nina» herja vilt på Vestlandet. Tysnes Kraftlag fekk då noko hjelp frå Fitjar Kraftlag for å kunne rydde under skadane. 

Tysnes Kraftlag har i mange år vore flinke til å ta inn lærlingar, og fulgt dei opp med fast ansettelse etter fullført fagbrev. Enes seier at ein fortsatt vil halde fram med å ha lærlingar. Dei vert då tilknytt BKK sitt lærlingesenter. Slik kjem dei inn i ein større organisasjon , og vil kunna dra nytte av det i opplæringa , og  då i regi av BKK, få større utfordringar og i områder utanom Tysnes.

BKK sitt system vil då vere styrande på Tysnes, og avgjerder som som tidligare har vore tatt i administrasjonen hos Tysnes Kraftlag, vil då  verta tatt hos BKK.  Men Enes vonar at  fordelane totalt sett for kundane kjem  til å vere større enn ulempene . Alle tjenar på at BKK overtar. Energiloven som vart vedtatt i 2016, gjer det mykje vanskelegare for små el-selskap å klare seg økonomisk.

På spørsmål om den nye ferga som skal komme, på samband Våge – Halhjem, fortel Enes at Kraftselskapet pliktar å tilføre ferja den straumen den treng, men ikkje slik at det går ut over andre kundar i nettet. Det er i prinsippet snakk om ein  hurtigladestasjon for ferjer, som er om lag 100 gonger storleiken til dei  hurtigladestasjonane  me alt har for elbil på Tysnes. Det  kjem til å ha ein kostnad på rundt 25 millionar kr.  Utgifta med  ladestasjonen vil verta fordelt mellom fergeselskapet og myndigheitane. Enes avsluttar med å seie at sjølv om ferga treng mykje straum,  skal ikkje dette få nokon innverknad for straumkundane på Tysnes. 

Foto: Tommy P. Gundersen 



Tips ein venn!
Ditt navn:
Di epostadresse:
Eventuell melding til venn:
Din vens epostadresse:
Din vens namn:
Di epostadresse:
Meld På | Av
  

Del på Facebook


DET SKJER

DI MEINING

Har du nyttårsforsett?

  • Resultatet

MEST LESE SISTE VEKA

TIPS TYSNESINGEN

Tysnes Industri AS
Tlf 46 93 31 19
post@tysnesingen.no


Google

Ansvarleg for Tysnesingen: Tysnes Industri AS org nr 976216598 - tlf: 46 93 31 19 - epost: post@tysnesingen.no

Nyhetsystem og oppsett: Vilko CMS
© 2000-2018 Tysnesingen.no
Tysnes ungdomslån
TysnesIL.no
Annes Klær
Carisma frisør
Spar Tysnes
John Hagen
Haaheim Gaard
Marinegruppen
Kines Hudpleie
Tysneskyrkjelydane 1
Andersland Rør
Tysnes Fysio
Tysnes Treningssenter.
Mandelhuset
Svingen Puls
Accountor Tysnes
andersland-bygg.as
tysnes.kommune.no
Tysnes Kraftlag høyblokk
Alsaker Fjordbruk
Tysnes Industri AS