AnderslandBygg.topp.venstre
Tysnes Kommune
Tysnes Sparebank 140x30
Tiko
Windsor
Tysnes Maskin AS
Tysnes Bilsenter
Tysnes Kjøle
Losfjord
Heis-Tek
Dokkegalleriet
Myrdal gard
Ekeland
Per Henrik Opdal
Johs Tveit
Njardar
Treco
Tysneslyd
Arild Gjerstad
Bygg Tysnes
Joker Årbakka
Tysnes sogelag
Joker Uggdal
Tysnes Båtutleie
Ronny Bakkane
Dalen Golf
Tysnes seniordans
Grendatun
Tysnesfest
Tysnes Båthamn
Frisøren på Tysnes
Laukhamar Fritid
Tysnes Frivilligsentral
Bjørnefjorden tannlegepraksis

T Hilllesvik Transport 470

Foto:lehmkuhl.no

Statsraad Lehmkuhl til Tysnesfest 2018

Tysnesfest presenterar eit nytt konsept i ei pressemelding i dag:

PUBLISERT AV Ole Johannes Støle Publisert: 19.12.17 17:00

Me lanserer no eit heilt nytt konsept for våre tilreisande festivalgjester: Tysnesfest-cruise med "Statsraad Lehmkuhl"!

Det kan ikkje bli enklare: Torsdag 12. Juli pakker du festivalsekken. Midt i hjartet av Bergen stig du om bord i majestetiske "Statsraad Lehmkuhl". Seilskuta tar deg trygt og godt gjennom nydeleg skjærgard heilt til Tysnes, der ho legg til kai midt i Våge sentrum. Derfra er det gongavstand til Gjerstad arena og alle dei flotte konsertane våre. Du søv om bord i seilskuta. Når festivalen er ferdig blir du frakta heilt tilbake til Bergen sentrum, der du sundag 15. juli stig i land full av minner for livet.

Dette er så sutalaust som det er mogleg å få det. Du slepp å tenkje på bil, ferjetider og parkering. Du slepp å kava med å finne overnatting. Du kan berre kose deg glugg i hel på Tysnesfest.

Skipet blir liggande som eit nydelig skue midt i Våge frå torsdag til søndag. Fredag 13. juli blir det og mogleg å bli med på eit lite tokt på fjorden.

«Statsraad Lehmkuhl» er ein tremasta stålbark bygd i 1914. Ho har i alle år fungert som skuleskip, og har nyleg vore gjennom ei omfattande modernisering med mellom anna nytt og moderne sanitæranlegg. Soveplassane for skutas gjester er i hengekøyer på banjeren.

PS: Skulle du vere ekstra sugen på festivalopplevingar sumaren 2018, kan du allereie no tinga plass på «Statsraad Lehmkuhls» tokt til Trænafestivalen. Avreise frå Bergen er 1. juli. Etter retur til Bergen går turen vidare til Tysnesfest.
 

For å bestilla cruise til/frå Tysnes går du inn på http://www.lehmkuhl.no/hjem/program/seiltokt-og-skjaergaardsturer/


Tips ein venn!
Ditt navn:
Di epostadresse:
Eventuell melding til venn:
Din vens epostadresse:
Din vens namn:
Di epostadresse:
Meld På | Av
  

Del på Facebook


DET SKJER

DI MEINING

Har du nyttårsforsett?

  • Resultatet

MEST LESE SISTE VEKA

TIPS TYSNESINGEN

Tysnes Industri AS
Tlf 46 93 31 19
post@tysnesingen.no


Google

Ansvarleg for Tysnesingen: Tysnes Industri AS org nr 976216598 - tlf: 46 93 31 19 - epost: post@tysnesingen.no

Nyhetsystem og oppsett: Vilko CMS
© 2000-2018 Tysnesingen.no
Tysnes ungdomslån
TysnesIL.no
Annes Klær
Carisma frisør
Spar Tysnes
John Hagen
Haaheim Gaard
Marinegruppen
Kines Hudpleie
Tysneskyrkjelydane 1
Andersland Rør
Tysnes Fysio
Tysnes Treningssenter.
Mandelhuset
Svingen Puls
Accountor Tysnes
andersland-bygg.as
tysnes.kommune.no
Tysnes Kraftlag høyblokk
Alsaker Fjordbruk
Tysnes Industri AS