AnderslandBygg.topp.venstre
Tysnes Kommune
Tysnes Sparebank 140x30
Tiko
Windsor
Tysnes Maskin AS
Tysnes Bilsenter
Tysnes Kjøle
Losfjord
Heis-Tek
Dokkegalleriet
Myrdal gard
Ekeland
Per Henrik Opdal
Johs Tveit
Njardar
Treco
Tysneslyd
Arild Gjerstad
Bygg Tysnes
Joker Årbakka
Tysnes sogelag
Joker Uggdal
Tysnes Båtutleie
Ronny Bakkane
Dalen Golf
Tysnes seniordans
Grendatun
Tysnesfest
Tysnes Båthamn
Frisøren på Tysnes
Laukhamar Fritid
Tysnes Frivilligsentral
Bjørnefjorden tannlegepraksis

Rimi ny

Røykvarslarens dag

Røykvarslarar reddar liv. I desember i fjor døydde det åtte nordmenn i brann. Det vil seie at det omkom ein person kvar fjerde dag.

PUBLISERT AV Hilde Marie Sæverud-Mehammer Publisert: 30.11.17 13:55

Bruk Røykvarslardagen 1. desember til å bytte batteri og teste røykvarslarane dine.

I perioden 2000 og fram til i dag har det vore 4 707 bygningsbrannar i Hordaland. Det har omkome 71 personar i brann i same periode. Fem personar har så langt i år omkome i brann i fylket.

- Halvparten av alle dødsbrannar skjer i bustader som ikkje har fungerande røykvarslarar. Når ein brann oppstår har du berre få minutt på deg til å kome deg ut av huset, seier brannsjef Torfinn Kongsvik.

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

- Du bør kople røykvarslarane saman, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere og vere med på å redde deg og familien din, seier Kongsvik.

Røykvarslarar bør testast jamleg og når du har vore bortreist over lengre tid. Det er også ein fordel å støvsuge den jamleg. Det aukar levetida til varslaren.

- Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i jula, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å bytte batteri 1. desember, som er Røykvarslardagen, seier Kongsvik. Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom DSB, Norsk brannvernforening, Gjensidige, det lokale elektrisitetstilsynet og brann- og feiervesenet.

På roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.

Kontaktpersonar lokalt: Torfinn Kongsvik, brannsjef tlf 975 29 965.
e post
torfinn.kongsvik@tysnes.kommune.no

 


Tips ein venn!
Ditt navn:
Di epostadresse:
Eventuell melding til venn:
Din vens epostadresse:
Din vens namn:
Di epostadresse:
Meld På | Av
  

Del på Facebook


DET SKJER

DI MEINING

Har du byrja med juleførebuinga?

  • Resultatet

MEST LESE SISTE VEKA

TIPS TYSNESINGEN

Tysnes Industri AS
Tlf 46 93 31 19
post@tysnesingen.no


Google

Ansvarleg for Tysnesingen: Tysnes Industri AS org nr 976216598 - tlf: 46 93 31 19 - epost: post@tysnesingen.no

Nyhetsystem og oppsett: Vilko CMS
© 2000-2017 Tysnesingen.no
Tysnes ungdomslån
TysnesIL.no
Annes Klær
Carisma frisør
Spar Tysnes
John Hagen
Haaheim Gaard
Marinegruppen
Kines Hudpleie
Tysneskyrkjelydane 1
Andersland Rør
Tysnes Fysio
Tysnes Treningssenter.
Mandelhuset
Svingen Puls
Accountor Tysnes
andersland-bygg.as
tysnes.kommune.no
Tysnes Kraftlag høyblokk
Alsaker Fjordbruk
Tysnes Industri AS