AnderslandBygg.topp.venstre
Tysnes Kommune
Tysnes Sparebank 140x30
Tiko
Windsor
Tysnes Maskin AS
Tysnes Bilsenter
Tysnes Kjøle
Losfjord
Heis-Tek
Dokkegalleriet
Myrdal gard
Ekeland
Per Henrik Opdal
Johs Tveit
Njardar
Treco
Tysneslyd
Arild Gjerstad
Bygg Tysnes
Joker Årbakka
Tysnes sogelag
Joker Uggdal
Tysnes Båtutleie
Ronny Bakkane
Dalen Golf
Tysnes seniordans
Grendatun
Tysnesfest
Tysnes Båthamn
Frisøren på Tysnes
Laukhamar Fritid
Tysnes Frivilligsentral
Bjørnefjorden tannlegepraksis

Rimi ny

Tysnes Sparebank med solid resultat for 3. kvartal 2017

Styret i Tysnes Sparebank godkjente kvartalsregnskapet for 3. kvartal 2017 i styremøtet i dag. Resultat etter skatt er 12,9 millionar kroner, mot 10,9 millionar kroner i same periode i fjor. 

PUBLISERT AV Johnny Helgesen Publisert: 25.10.17 18:50

Resultat etter skatt betyr ein årleg eigenkapitalavkastning på om lag 8,5 prosent. For eigarar av banken sine eigenkapitalbevis er dette ei særs god avkastning med låg risiko.

Banken sin forretningskapital aukar til 2,7 milliardar kroner

Tysnes Sparebank har ein samla forretningskapital på om lag 2,7 milliardar kroner. Dette er ein solid auke. Kredittveksten er på ca. 20 % hittil i år, medan innskota har auka med 16 %. Auken i utlån er i hovudsak til privatkundar i regionen. Den største auken har banken i aldersgruppa 25 til 45 år.

Vellukka nyetableringar

Banken vedtok i 2013 ein ny strategi som blant anna innebar å satsa på marknaden utanfor Tysnes kommune. Sunnhordland samt Os- og Fusa området er primærområdet for banken. Det siste kontoret som opna var på Stord i mai i år. Kontoretableringane har vore ein suksess og lokale kundar strøymer til banken. 

 

”Vi er svært nøgde med at vår lokalbank vert teken så godt i mot lokalt” uttaler banksjef Dag Sandstå. 

 

Eigedomsmekling og bank 

Tysnes Sparebank er medeigar i det nystifta eigedomsmeklar-selskapet Aktiv Sunnhordland AS og i Aktiv Hordaland AS. På Stord er banken og meklarane etablert i Bytunet som er sentralt på Leirvik. I Bergen har banken representasjon både på Lagunen og i Bergen sentrum. Dette gjev eit godt grunnlag for å utvikla banken vidare.

 

Ny emisjon i november sikrar fortsatt vekst

For å kunna ta i mot fleire kundar må banken på ny auka eigenkapitalen. Dette vil skje i løpet av november månad. Då vert det høve for både nye og eksisterande eigarar å teikna eigenkapital-bevis. 

 

”Vi vonar at endå fleire skal få ta del i verdiauken i banken i åra som kjem” seier banksjef Dag Sandstå.

 

Kapitalutvidinga er garantert fullteikna og ein del av denne er tenkt tildelt nye eigarar.



Tips ein venn!
Ditt navn:
Di epostadresse:
Eventuell melding til venn:
Din vens epostadresse:
Din vens namn:
Di epostadresse:
Meld På | Av
  

Del på Facebook


DET SKJER

DI MEINING

Har du byrja med juleførebuinga?

  • Resultatet

MEST LESE SISTE VEKA

TIPS TYSNESINGEN

Tysnes Industri AS
Tlf 46 93 31 19
post@tysnesingen.no


Google

Ansvarleg for Tysnesingen: Tysnes Industri AS org nr 976216598 - tlf: 46 93 31 19 - epost: post@tysnesingen.no

Nyhetsystem og oppsett: Vilko CMS
© 2000-2017 Tysnesingen.no
Tysnes ungdomslån
TysnesIL.no
Annes Klær
Carisma frisør
Spar Tysnes
John Hagen
Haaheim Gaard
Marinegruppen
Kines Hudpleie
Tysneskyrkjelydane 1
Andersland Rør
Tysnes Fysio
Tysnes Treningssenter.
Mandelhuset
Svingen Puls
Accountor Tysnes
andersland-bygg.as
tysnes.kommune.no
Tysnes Kraftlag høyblokk
Alsaker Fjordbruk
Tysnes Industri AS