AnderslandBygg.topp.venstre
Alsaker 140x100
Tysnes Kommune
Tysnes Sparebank 140x30
Tiko
Windsor
Tysnes Maskin AS
Tysnes Bilsenter
Tysnes Kjøle
Losfjord
Heis-Tek
Dokkegalleriet
Myrdal gard
Ekeland
Per Henrik Opdal
Johs Tveit
Njardar
Treco
Tysneslyd
Arild Gjerstad
Bygg Tysnes
Joker Årbakka
Tysnes sogelag
Joker Uggdal
Tysnes Båtutleie
Ronny Bakkane
Dalen Golf
Tysnes seniordans
Grendatun
Tysnesfest
Tysnes Båthamn
Frisøren på Tysnes
Laukhamar Fritid
Tysnes Frivilligsentral
Bjørnefjorden tannlegepraksis

Rimi ny

Tysnesing er forfattar av nytt storverk om Oselvaren

PUBLISERT AV Johnny Helgesen Publisert: 17.10.16 16:59

Kjell Magnus Økland

Oselvaren er Noregs nasjonalbåt og vart i 2015 nominert til UNESCO-lista for gode vernepraksisar i immatrielt kulturvern av Det Norske Kulturdepartementet. I samband med dette gir Skald forlag og Oselvarklubben ut praktboka Oselvar – den levande båten.

Kjell Magnus Økland (f. 1977) er utdanna cand. mag. frå Universitetet i Bergen med faga kulturvitskap, historie og mediefag. Han har arbeidd som journalist og historikar. Økland er oppvaksen med kappsegling med Oselvar og har sete i styre og stell kring Oselvaren sidan 1990. 

Oselvarklubben (stifta 1945) er nasjonal klasseklubb for Oselvaren brukt som regattabåt.

Gjennom fleire hundre år var Tysnes senter for handel med båtar til Shetland og Orknøyane. Båtbyggjarar på Tysnes og Reksteren leverte båtar som vart frakta over havet til fiskarar på Vesterhavsøyane. I tillegg romma kvardagen mykje båtbruk; fisken skulle fangast, folk rodde til kyrkja, sauer vart rodd til beite på holmar og ein laut ro til byen for å selja og kjøpa naudsynte ting til garden. I nyare tid har kappsegling i Båtlaget Njord/Tysnes og roturen Tysnes Rundt arrangert av Tysnes Kystlag vore med og gjort at sumrane på Tysnes er prega Oselvarar.

Denne tradisjonelle klinkbygde trebåten har vore i bruk i mange hundre år langs den sørvestlandske kyststripa, og båttypen har røter fleire tusen år attende. Oselvar-begrepet stammar frå Os i Hordaland. Båten har vore mest vanleg som bruksbåt frå Ryvarden i sør til Sognefjorden i nord, men ein finn døme på bruk langs heile Norskekysten, på Shetland og på Orknøyane. Oselvaren har i tillegg vore nytta som sportsbåt heilt i frå 1800-talet, og er i dag framleis nytta som fritidsbåt. 

 

Til skilnad frå mange andre tradisjonsbåtar er Oselvaren ein båt med levande byggje- og brukstradisjon. Privatpersonar kan tinga seg ein heilt ny båt, og det vert arrangert ei rad regattaer med Oselvar-NM som det årlege høgdepunktet. Det vert stadig arrangert kurs i båtbruk og stell av ei rekkje lag og organisasjonar som arbeider aktivt for å vidareføra den handlingsborne kunnskapen. Kjell Magnus Økland, tysnesing og forfattar av boken, forklarer korleis dei har lukkast i dette arbeidet: 

– Noko av nøkkelen til at Oselvaren framleis er så aktuell heng saman med at båttypen, både for årer, segl og motor, har alle dei kvalitetane nymotens båtbrosjyrar lovpriser. Oselvaren er sjødyktig, trallbar, letthandterleg, turvenleg og fleksibel. Med nokolunde stell varer båtane svært lenge, og same båten kan gje nær-sjødn-opplevingar til både to, tre og fire generasjonar båtbrukarar. Det må jo vera ei fornuftig investering i livskvalitet!

 

Men treng me framleis Oselvaren i dagens moderne samfunn?   

– Ja, sjølvsagt gjer me det. Me treng å vita kvar me kjem frå for å ta gode val om kvar me skal. Dei klinkbygde båtane er berekraftige produkt som byr på opplevingar for alle sansane. Det tilfører dessutan meining og innhald til eit produkt når du veit at materialane er lokale, at handverkarane skreddarsyr båtane og utstyret til dei. Oselvaren byr deg med på opplevingar gjennom heile livet: barna som lærer å ro, ungdomane som lærer å segla, høg puls for dei som jaktar på adrenalin-opplevingar eller langsam dorging for dei som vil roa ned. Båten er ein arena for livslang læring der du er aktør og ikkje tilskodar, utdjupar forfattaren. 

Praktboka utgjer den fyrste samla framstillinga av mangfaldet i Oselvarens historie, og presenterer eit variert historisk og teknisk materiale i populærvitskapleg form. Mykje av dette stoffet har ikkje tidlegare vore publisert. Boka inneheld tekst, gamle og nye fotografi, tabellar, kart, figurar og teikningar. Vidare rommar boka folkloristisk stoff med eit stort persongalleri samt ei rekkje element kring immateriell kulturarv og handlingsboren kunnskap. Boka speglar kyst-, idretts- og folkekulturen på Vestlandet gjennom fleire århundre, med avstikkarar langs heile Norskekysten og til utlandet. Fokuset i boka er òg framover i tid, med praktiske råd til nye båtbrukarar. Ho er med med andre ord ein kunnskapsbank og eit oppslagsverk for både den nyfikne og for fagpersonar. 

Forfattar Kjell Magnus Økland er oppvaksen i Våge på Tysnes. Båtbruk frå barndommen av har gjort at han tidleg fatta interesse for dei tradisjonelle båtane. Kappsegling i Båtlaget Njord/Tysnes førte han inn i Oselvarklubben sitt styre. Han har hatt god støtte undervegs frå Oselvarklubbens bokkomite; Finn Totland, Kjell Milde, Kjell Totland og Helge Kaurin Nilsen. Hallgeir Forstrønen Bjørnevik har teikna nærare 100 illustrasjonar spesielt for boka og Sverre Mo har laga kart og figurar. Vidare har ei lang rekkje miljø innan båtbygging, seglforeningar, kystlag, roklubbar, historielag, museum, arkiv og enkeltpersonar bidrege med bilete, stoff og opplysningar. Storverket er forlaget si tyngste bok til no på nær 3 kilo, og vil bidra til auka forståing av den sentrale plassen båten har hatt i den nasjonale kultursoga. 

 

Boka vert lansert torsdag 20. oktober klokka 18.00 på Torget i Bergen og ombord i ferja Showtime.

Arrangement 

20. oktober kl. 18: Bokslep(p) på Torget i Bergen og om bord i ferja Showtime.
22. oktober kl. 12 –15: Foredrag og båtutstilling, Osøyro.
23. oktober kl. 12–16: Foredrag og båtutstilling, Hordamuseet, Stend.
25. oktober kl.  19 –20 : Multimedieforedrag ved forfatter, Bergen Offentlige Bibliotek 

Les meir om boka her: http://skald.no/utgjevingar/oselvar/

Kristine Rohde,
Marknadssjef

 


Tips ein venn!
Ditt navn:
Di epostadresse:
Eventuell melding til venn:
Din vens epostadresse:
Din vens namn:
Di epostadresse:
Meld På | Av
  

Del på Facebook


DET SKJER

DI MEINING

Brunsniglen har vakna til liv, kva gjer du?

  • Resultatet

MEST LESE SISTE VEKA

TIPS TYSNESINGEN

Tysnes Industri AS
Tlf 46 93 31 19
post@tysnesingen.no


Google

Ansvarleg for Tysnesingen: Tysnes Industri AS org nr 976216598 - tlf: 46 93 31 19 - epost: post@tysnesingen.no

Nyhetsystem og oppsett: Vilko CMS
© 2000-2017 Tysnesingen.no
Tysnes ungdomslån
TysnesIL.no
Annes Klær
Carisma frisør
Spar Tysnes
John Hagen
Haaheim Gaard
Marinegruppen
Kines Hudpleie
Tysneskyrkjelydane 1
Andersland Rør
Tysnes Fysio
Tysnes Treningssenter.
Mandelhuset
Svingen Puls
Accountor Tysnes
andersland-bygg.as
tysnes.kommune.no
Tysnes Kraftlag høyblokk
Alsaker Fjordbruk
Tysnes Industri AS