AnderslandBygg.topp.venstre
Tysnes Kommune
Tysnes Sparebank 140x30
Tiko
Windsor
Tysnes Maskin AS
Tysnes Bilsenter
Tysnes Kjøle
Losfjord
Heis-Tek
Dokkegalleriet
Myrdal gard
Ekeland
Per Henrik Opdal
Johs Tveit
Njardar
Treco
Tysneslyd
Arild Gjerstad
Bygg Tysnes
Joker Årbakka
Tysnes sogelag
Joker Uggdal
Tysnes Båtutleie
Ronny Bakkane
Dalen Golf
Tysnes seniordans
Grendatun
Tysnesfest
Tysnes Båthamn
Frisøren på Tysnes
Laukhamar Fritid
Tysnes Frivilligsentral
Bjørnefjorden tannlegepraksis

Rimi ny

Program i Bermudateltet

Tysnesfest 2016

PUBLISERT AV Johnny Helgesen Publisert: 12.05.16 08:00

I år utvidar me tilbodet i Bermudateltet!
I tillegg til God Morgon Tysnesfest, vert det i år både God Ettermiddag Tysnesfest, og God Kveld Tysnesfest.
Teltet vert spekka med alt frå føredragshaldarar via konsertar og stand-up til dagen-derpå gudsteneste.


Dag Jørund Lønning:

Professor dr.philos. Dag Jørund Lønning er rektor ved HLB. Lønning har spesialkompetanse på nyskaping som fenomen, og har fokusert spesielt på ny identitetsbygging/nyskaping og moglege implikasjonar og potensial for bygdesamfunn.
Han vart og kåra til Årets bygdeprofil i 2016, og har hatt ei svært tydelig stemme gjennom Landbruksbloggen på nationen.no I fjor vart han også kåra til årets landbruksbloggar.

Geir Helljesen:

Geir Helljesen er ein av norsk fjernsyns aller mest kjende profilar og er for evig forbunde med valsendingene kor han som ekspertkommentator og analytikar har leia det norske folk gjennom mang eit nervepirrende val.
I 2005 vart han kåra til årets journalist, og i 2008 fekk han Gullrutens hederspris.
I 2009 ble han utnemnd til Ridder 1.klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs orden.


Dag Lindebjerg:

Han er kjend som programleiar i ei rekkje NRK-program om natur og kystkultur, samt sju olympiske meisterskap som sportskommentator.
Hausten 1991 vart han utpeika til å leia Vestlandsrevyen, men rakk berre å fullføra vintersesongen saman med Håkon Brusveen før han våren 1992 ble kuppet til det nye TV 2.
Utover ski og fotball leia han og «God ettermiddag Norge» men i februar 1993 ble det meldt at han gikk tilbake til NRK Hordaland.
Der startet han radioprogrammet «Maritimen» om kystkultur og laga ellers TV-dokumentarer om natur og næringsliv, som «Vestenfor Vest», «Naturgass - vår nye pengemaskin» og «Folgefonna - den underlege breen» Dei siste åra er han mest kjend frå sine mange program om kystkultur og båtliv.


Norge på langs i Oselvar

Sumaren 2015 rodde Bjørn Tomren Norge på langs med ein nybygd Oselvar. Turen starta i Honningsvåg og enda på Lindesnes. Dette er fjerde Norge på langs-turen Bjørn har gjennomført. Han er elles kjend som jodlaren Polka-Bjørn. 

Båten vart bygd våren 2015 av Hallgeir Forstrønen Bjørnevik i verkstaden hans på Bjørnen i Os. Båten vert med under forestillinga, slik at du kan sjå korleis ein rotur på 2000 kilometer set sitt preg på ein nybygd båt. 

Turen vart formidla undervegs av Kjell Magnus Økland via bloggen http://bjornpaalangs.no/. Der kan du sjå bilete og multimediereportasjar frå heile turen. Kjell Magnus var óg med og rodde på delar av turen og er forfattar av den komande boka om Oselvaren - sjå www.oselvarbok.no

I multimedieforedraget får du høyra røvarhistoriar frå roturen, bygginga og meir allment om Oselvaren. Innimellom vert det musikalsk underhaldning ved Oselvarbanden.

 

Her kjem den totale oversikten over Bermudaprogrammet:

Onsdag 6. juli:

20.00-23.00  God Kveld Tysnesfest – Kveldsshow med Anders og Kåre!
                     Her vert det og konsert med Truls Horvei og De Søvnløse samt
                     Charlie Rackstead and The Stickelsbergen Ramblers.

Torsdag 7. juli:

09.00-12.00  Festivalfrukost.

10.30  God Morgon Tysnesfest – Frukostshow med Anders og Kåre!

11.15  Foredrag med Dag Jørund Lønning «Om å utvikle bygda nedanfrå»

17.00  Klypa – «Seiler i Beltestredet» (Bermudastredet)

Fredag 8. juli:

09.00-12.00  Festivalfrukost.

10.30  God Morgon Tysnesfest – Frukostshow med Anders og Kåre!

11.15  Foredrag med Geir Helljesen «Mennesker jeg har møtt i løpet av 40 år i NRK»

13.15  Norge på langs med Oselvar – Multimedieforedrag

17.00  Klypa – Seiler i «Beltestredet» (Bermudastredet)

 

Laurdag 9. juli:

09.00-12.00  Festivalfrukost.

10.30 God Morgon Tysnesfest – Frukostshow med Anders og Kåre!

11.15  Foredrag med Dag Lindebjerg «En TV-reise gjennom kystens kulturhistorie»

16.00  God Ettermiddag Tysnesfest – Eit slags underhaldningsprogram lenge før sola
           går ned! 

           Med Anders og Kåre. DJ Friendly spelar chill-out musikk live i Bermudateltet!

Søndag 10. juli:

10.00-12.00  Festivalfrukost.

10.30 God Morgon Tysnesfest – Frukostshow med Anders og Kåre!

           Dagens gjest: Reidar Brendeland kjend frå Vestlandsfanden. Han spelte her
           i 2007, og i år har han vore med på vårt 10 års jubileum!

12.15  Dagen-derpå gudsteneste – med Marit I. Espedalen. 

           Vidar Eldholm Olsen med band spelar.


Tips ein venn!
Ditt navn:
Di epostadresse:
Eventuell melding til venn:
Din vens epostadresse:
Din vens namn:
Di epostadresse:
Meld På | Av
  

Del på Facebook


DET SKJER

DI MEINING

Har du nyttårsforsett?

  • Resultatet

MEST LESE SISTE VEKA

TIPS TYSNESINGEN

Tysnes Industri AS
Tlf 46 93 31 19
post@tysnesingen.no


Google

Ansvarleg for Tysnesingen: Tysnes Industri AS org nr 976216598 - tlf: 46 93 31 19 - epost: post@tysnesingen.no

Nyhetsystem og oppsett: Vilko CMS
© 2000-2018 Tysnesingen.no
Tysnes ungdomslån
TysnesIL.no
Annes Klær
Carisma frisør
Spar Tysnes
John Hagen
Haaheim Gaard
Marinegruppen
Kines Hudpleie
Tysneskyrkjelydane 1
Andersland Rør
Tysnes Fysio
Tysnes Treningssenter.
Mandelhuset
Svingen Puls
Accountor Tysnes
andersland-bygg.as
tysnes.kommune.no
Tysnes Kraftlag høyblokk
Alsaker Fjordbruk
Tysnes Industri AS