
Laurdag 13. mars reiser Onarheim musikklag til Grieghallen i Bergen for å delta i konkurransen Hordablæsten 2010.
Det er tredje året på rad me deltek, og både i 2008 og 2009 vann me klassen for generasjonskorps. Kjempekjekt!
I høve konkurransen vert det lagt opp til ein del ekstra øvingar siste veka før me reiser. Torsdag 11. mars vert det minikonsert i gymsalen på Onarheim skule der me spelar gjennom programmet.
Me får då både kjenna litt på korleis det ligg an med dei musikalske prestasjonane og korleis det er å spele for publikum.
Konserten byrjar kl. 20.00 og det vert servert ein kopp kaffi og noko å bite i. Velkomen!
| Di epostadresse: | |
| Meld | På | Av |
Skuletida
Gunnar Hansen
Tlf 97 15 30 89
gu-ha@c2i.net
Kontaktskjema