Dette biletet viser Hauaneset omlag 1905. Tørres Jensen Lie byrja som handelsmann i Hauaneset i 1884 etter å ha sett opp eit sjøhus som handelsbu. Oppe i elva hadde han eit stampehus, og i heimehuset hadde han fargeri. Tidleg på 1890-talet sette han opp ei løa rett bak bustadhuset. I dag står eit nytt hus der bustadhuset stod, men den gamle løa står enno. Den store sjøbua til venstre for sandtaket var det John Vattedal som sette opp omlag 1905. Det ser ut som at ho ikkje er heilt ferdig då biletet vart teke. Rett bak ligg plasstova på Naustbakken ("me' Sjødn") der bergensaren Elias Eriksen ("Elias Kypar") heldt til frå 1835 til omlag 1875. Frå 1876 overtok Ola Olsen Nedrevåge plasset. Det er han som er brukaren i 1905. Heilt til venstre ligg Vattedals-nausta. Huset oppe i haugen ovanom handelsbua er stova til Alis og Torbjørn Hauaneset. Torbjørn var son til Knut i Lukto på Storaheio. Alis og Torbjørn var kjende som svært flittige arbeidsfolk, og dei dreiv med eitt eller anna året rundt. "Me leve av sparsomheto og Guds velsignelse," heiter det etter Torbjørn. I dag står berre murane att av huset. I slutten av 1920-åra kjøpte Anders Magnussen Tjelle stova og sette henne opp som nytt hus der den tidlegare Kypar-stova hadde stått. Biletet er lånt av Magne Ove Kleppe. Olav Skjellevik
Skuletida
Gunnar Hansen
Tlf 97 15 30 89
gu-ha@c2i.net
Kontaktskjema